Voi Voi afterski!
Show og god stemning på Hangurstoppen!
Velkomen til Voi Voi afterski på Hangurstoppen.
Voi Voi, med Elin Kristiansen og Thomas Anholt, har underhaldt publikum i over femten år. Dei har faste show i Oslo og har spelt på festivalar og pride-arrangement i heile Skandinavia. Dei er òg faste oppvarmarar på finalen i Melodi Grand Prix og på etterfesten.
Duoen har opptredd på Trafalgar Square i London for titusenvis av publikummarar og delt scene med kjende artistar som Kylie, Blue og Grace Jones. Elin deltok i Melodi Grand Prix i 2017 med låten «Mamas Boy», som fekk toppscore frå England. Voi Voi leverer eit energirikt show med dei største og mest folkekjære Eurovision- og MGP-låtane, med høg allsangfaktor og god stemning. Dei lovar flashy kostymar og alltid god stemning. Kvar gong!
Billett
Kjøp gondolbillett til afterski her, om du ikkje har skikort, sesongskort eller årskort.
Velkomen til eit forrykande show! Me gler oss.