Afterski
Afterski på Hangurstoppen Restaurant og i Bavallstunet
Hangurstoppen Restaurant
På Hangurstoppen blir det ein meir avslappa atmosfære, i form av afterski med fokus på «lounge», god mat og vin i glaset. Bar med alle rettigheter. Kvar laurdag i vintersesongen frå 13. desember. Me har eigen afterskibillett til kr 100,- som gjeld laurdagar i vintersesongen. Gyldig på gondolen for ein tur opp mellom kl 15:30 og kl 18:00, og ein tur ned mellom kl 15:30 og 20:30. 20 års aldersgrensa.
Under afterski kan du bestilla mat og smårettar frå vår barmeny. Her får du alt frå enkle snacks til varme rettar som passar godt saman med noko godt i glaset. Sjå vår barmeny.
Kjøp gondolbillett til Afterski
VIP-bord på Hangurstoppen Restaurant
Gledar du deg så mykje at du vil vera sikra plass på afterski? Bestill bord på førehand. Kun fire bord tilgjengeleg kvar laurdag, maks 10 personar per bord. Bordet er ledig kl 15:45 og reserverast til klokka 16:00. Afterskibillett må kjøpast i tillegg.
SkiBarBula i Bavallstunet
Alle med kjennskap til Voss veit at SkiBarBula i Bavallstunet lenge var kjent som ein av dei beste plassane for afterski i heile Noreg. Det vert vel ikkje noko mindre bra denne gongen heller, veit me! Bar med alle rettigheter.
Kvar laurdag frå 17. januar til 28. mars. Aldersgrense 20 år.