Mat og drikke i Voss Resort
Voss Resort har fire restaurantar og kafear med sesongbaserte menyar og ulike matkonsept. Her kan du nyta god lokal mat med utsikt mot fjella og enkel tilgang til både skiløyper og turstiar.
Hangurstoppen Restaurant – open heile året
Hangurstoppen Restaurant ligg på 818 meter over havet, rett ved toppstasjonen til gondolen. Her kan du nyte mat og drikke og nyte panoramautsikt mot fjella. Restauranten tilbyr ein variert meny med varme og kalde rettar, bakverk og sesongspesialitetar laga med lokale råvarer. Baren har alle skjenkerettar.
Restauranten er eit perfekt startpunkt for skientusiastar og turgåarar heile året, med kort veg til skibakkar, langrennsløyper, panoramastien, skiband og skiutleige. Restauraten er også ope under kveldskøyring.
Storastovo på Slettafjellet
Storastovo ligg på Slettafjellet, midt i hjarta av Voss Resort. Her kan du ta ein pause, nyte ein varm drikk eller få deg noko å bite i. Menyen består av enkle og smakfulle rettar som burger, pølse og suppe, med både inne- og uteservering.
På fine dagar blir utegrillen fyrt opp, noko som skapar ei livleg stemning. Storastovo er også open under kveldskøyring i vintersesongen.
Gamle Hangursrestauranten
Gamle Hangursrestauranten er lett tilgjengeleg og perfekt for eit måltid med utsikt. Her kan du nyte autentiske greske rettar som gyros og moussaka, laga etter tradisjonelle oppskrifter med høgkvalitets ingrediensar importert direkte frå Hellas.
Enten du stoppar for mat eller drikke, eller berre ein pause frå bakken, er dette ein flott stad å svingen innom.
Varmestova i Bavallen
Varmestova ligg i Bavallen og er lett tilgjengeleg med bil. Varmestova er perfekt for ein avslappande pause med noko varmt i koppen og ein godbit. Kiosken tilbyr ferske bollar, ferdigsmurde smørbrød, kakao, kaffi og andre forfriskingar.
Rett ved bygget finn du billettluke og skiband, noko som gjer dette til ein flott startplass for skikøyrarar i alle aldrar. Varmestova er open under kveldskøyring i vintersesongen.
Medbragt niste?
I vintersesongen kan du nyta medbrakt mat og drikke kan ein nyte i grillhyttene i Trollbakken, Badnakrokjen, grindbygget på Slettafjellet, foajeen i “gamle” Hangursrestauranten, Varmestova i Bavallen og Åsneshytta.