Hangur Fridays

Ta gondolen rett inn i fredagsmodus

Fredagar gjennom vintersesongen inviterar me til samling på Hangurstoppen. Her er stemninga god og alle er velkomne, enten du vil nyte musikk i bakgrunnen, smake på lokale godsaker eller berre slappe av i rolege fjellomgjevnader. Enkelte fredagar har me aktivitetar som musikkbingo og andre små overraskingar.

Ei sosial og avslappa start på helga, perfekt for deg som set pris på flott utsikt, god stemning og ekte folk. Enkelte fredagar kan Hangur Fridays verta erstatta med andre arrangement.

Bestill mat frå vår barmeny
Under Hangur Fridays kan du bestilla mat og smårettar frå vår barmeny. Her får du alt frå enkle snacks til varme rettar som passar godt saman med noko godt i glaset. Sjå vår barmeny

Program

  • 30. januar: Latin Party – Latinsk stemning med livleg musikk og friske smakar.
  • 6. februar: 5000 Bergen Hangurstoppen Takeover
  • 13. februar: Maske‑party (karneval) – Ta på deg ditt beste kostyme og bli med på karneval! Beste antrekk blir premiert.
  • 20. februar: Cocktailkveld – Ein elegant kveld med klassiske og moderne cocktails, behageleg musikk og god stemning.
  • 27. februar: Jazzkveld – Avslappande kveld med jazz- og bluesmusikk.
  • 6. mars: Humorshow og moteshow
  • 13. mars: Discokveld – Bli med tilbake til 70‑talet! Dans, disco og ekte retrostemning på dansegolvet.
  • 20. mars: Bingokveld – Bingo med premiar og god stemning.
  • 27. mars: Summer Party – Kven seier at sommaren må venta? Sol, musikk og feststemning – midt i skisesongen.
  • 3. april: Livemusikk med The Bruuds
  • 10. april: Barbeque Party – Me markerer slutten på skisesongen med grillfest på terrassen.

Gondolbillett
Om du ikkje har skikort (gondolbillett inkludert), så kan du kjøpa gondolbillett til kr 100,- tur/retur.

Gondolbillett til Hangur Fridays

Andre arrangementer

13. des - 11. apr, 15:30 - 20:00

Afterski

Afterski på Hangurstoppen Restaurant og i Bavallstunet
6. feb - 7. feb

5000 Bergen Hangurstoppen Takeover

Festhelg med DJ Petter Lavern, quiz og Framifrå Chili dog
13. feb - 22. feb

Vinterferieprogram veke 8

Ei veke med ekte skileik!