Viktige telefonummer

  • Skipatruljen: +47 455 11 283
  • Ambulanse: 113
  • Brann: 110
  • Politi: 112
  • Voss Resort: +47 4700 4700

Ta ansvar og lær deg aplinvettreglane

Desse gjeld både for skiløpere og snowboardara.
 
  1. ANSVAR FOR Å UNNGÅ SKADE
    Du må forhalde deg slik at du ikkje skader deg sjølv eller andre.
  2. JUSTER FARTA ETTER FORHOLDA
    Du må køyra kontrollert og justera farten og køyremåte etter ferdigheiter, terreng, føreforhold og trafikk.
  3. VIKEPLIKT
    Kjem du bakfrå (ovenfrå), har du ansvar for å unngå kollisjon.
  4. FORBIKØYRING/UTFORKØYRING
    Det er forbudt å køyre rett utfor, bortsett frå under organisert treninng. Sørg for å ha tilstrekkeleg plass når du køyrer du forbi ein anna skiløper/snowboardar.
  5. STARTE, KØYRE INNE I ELLER SVINGE OPPOVER I NEDFARTEN
    Køyrer du inn i eller svinger du oppover i ein nedfart, må du sørge for at det skjer utan fare for deg sjølv eller andre. Det same gjeld for stans.
  6. STOPP I NEDFARTEN
    Stopp ikkje opp eller sitt på tronge eller uoversiktlege plassar.
  7. TIL FOTS I NEDFARTEN
    Er du til fots må du gå i ytterkanten av bakken.
  8. SKISTOPPERE/FANGREMMER
    Skistoppara/fangremmer er påbudt. Kontroller at bindinga er riktig innstilt.
  9. RESPEKTÉR SKILT
    Følg skilting, merking og anvisningar.
  10. HJELP VED ULYKKER
    Ved skader har alle plikt til å hjelpe. Vitner og medvirkande plikter å oppgje personalia.
  11. BRUK AV BÆREMEIS
    Det er ikkje tillatt å køyre med barn i bæremeis verken i heis eller bakken.
  12. BARN I STOLHEIS
    Barn må vera fylt 10 år og høgare enn 140 cm for å køyra stolheis aleine.

Brot på skivettreglane kan medføre bortvising frå området. Me oppfordrer alle våre gjester å følge fjellvettreglane. 

Aking i skianlegget

Aking i skianlegget kan vera farleg. Det er forbode å ake i våre skiløyper, til ei kvar tid. Ynskjer du å vera med på organisert aking, ta kontakt med Vossamoro.  Unntaket for aking er for små barn i ytterkant av løypa i Trollbakken og Grebbesbakken. 

Snowscoot, Skitrikke/ Skibike i skianlegget

Det er ikkje tillatt med bruk av slike i anlegget

Off-piste køyring i anlegget

Me har fantastiske off-piste moglegheiter i tilknytning til skianlegget, i ope skogsterreng, kupert snaufjell og utfordrande høgfjellsterreng. Me minnar om at all ferdsel utanom preparerte løyper er på eige ansvar.

Me oppmodar alle som ferdast utom preparerte løyper å utstyra seg med sekk (evt. skredsekk), spade, søkestong og sendar/mottakar, i tillegg til hjelm. Sørg for å ha kjennskap til og kan bruke ditt eige utstyr.

Viktige faktorar i høve ferdsel utom preparerte løyper:

  • Kunnskap om terrenget/ fjellet der du ferdast. Vær- og føreobservasjonar den siste tida - vurdér skredfaren.
  • Kunnskap om snø og skred, samt linjevalg og fornuftig skikøyring i utsett terreng.
  • Kjennskap til dei du køyrer saman med (kunnskap, erfaring, utstyr) og gruppedynamikk.
  • Køyr aldri åleine. Ha alltid oversikt over/augekontakt med alle i gruppa og pass på kvarandre.
  • Dersom skredet skulle gå - kva gjer du/dekan? Varsling, søk og kameratredning, livredning. Kan alle dei ulike prosedyrene?

Skredvarsling i anlegget

Det er oppslag fleire stader i anlegget, som gjeld for området Voss. Skredvarslinga er ein videreformidling av varselet på varsom.no.

Opphald i anlegget etter stengetid

Ikkje opphald deg i skianlegget etter stengetid. Ferdsel i anlegget utanom opningstid er farleg og er på eige ansvar. Etter stengetid har me mellom anna scootere og tråkkemaskiner i drift, og området vert sett på som eit anleggsområde.

Vinsj med wire under preparering

Hjå oss brukes vinsj med stålwire dagleg for preparering av anleggets nedfarter. Wiren er farlig om du treffer den, og kan ved ustabilt underlag flytte seg i uforutsette retningar og hastighetar. Wiren kan i tillegg ryke under bruk, som gjer at sjølve tråkkemaskina vert eit farleg element under prepareringa. Dette er ein av grunnane til at det er forbode å opphalde seg i eller i nærleiken av nedfartar/område kor preparering foregår.

Preparering med tråkkemaskin styres av vegtrafikkloven. Det betyr at det er føraren som vil stå ansvarleg dersom det skjer ein ulykke i forbindelse med preparering. Med dette som utgangspunkt er difor tråkkemaskinførarane berettiga til å be gjester forlate anlegget/området dersom forbudet ikkje vert overholdt.

Sjå gjerne denne filmen om preparering med vinsj.

Snjoproduksjon

Det er ikkje tillatt å vera i anlegget under snjoproduksjon. Snjoproduksjon er forbundet med fare på grunn av isete snjohaugar og endring av føre med våt snjo sjølv ved lave temperaturar. Me nyttar slangar med svært høgt trykk, og elektriske kablar kan liggje opent. Kontakt med desse installasjonane og ei eventuell ulykke grunna uaktsomhet kan få fatale konsekvensar. Sjå våre opningstider for når du kan opphalda deg i skianlegger. 

Trygg flyging i Voss Resort

Det er stadig aukande aktivitet med skjerm på fjellet - Paraglidere, kitere, speedridere og speedflygarar. Voss Resort var tidleg ute med reglar for bruk av skjerm i anlegget, anvisning av exit- og landingsarena samt merking av eige område for kiting. Me ber alle som driv med skjermaktivitet i anlegget å vise omsyn til desse formalitetane. Sjå løypekartet for angitte områder for skjermaktivitet.

Ikkje føl spor

Me gjer merksam på at speedridere og speedflyere ofte flyr frå Lønahorgi og Horgaletten, og legg flotte puddersvingar der det absolutt ikkje er tryggt for andre utan skjerm å fylgje etter. Desse spora endar ofte utfor bratte skrentar og stup, som desse skjermflygarane svever vakkert over. Vær difor varsom med å følge spor ukritisk i terreng du ikkje er godt kjend.

Droneflyging i Voss Resort

Det er forbudt å fly drone i skianlegget eller over gondolbana.