Alphaparken
Sjølve terrengparken finn du i Tråstølen, i øvre del av Alphaløypa. Med den nye Tråstølsheisen verdt denne lett tilgjengelig for fleire effektive runs. I terrengparken vert det bygga fleire linjer med hopp, rails og jibs. Her skal det vera noko for alle nivå, nett sånn ein park bør vera.
Shapecrew står for bygging, vedlikehald og dagleg shaping av parken. Dei er leiande på parkbygging i Noreg, og sørgar for morosame og trygge parker med høg kvalitet.
Voss har lange og sterke tradisjonar innan Freestyle. Det er difor og viktig for identiteten til bygda at denne kulturen vert teken vare på.
Leikeparken
I Badnakrokjen, ved Storastova på Slettafjellet, finn du mindre hopp, rails og element til å leika på. Dette område vil passa dei fleste. Sidan desse elementa er i Badnakrokjen vil dei vera snille. Elementa vil du finne til ski-høgre i løypa, med stort fokus på tryggleik for alle aldre. Mange liker denne lille parken, fordi ein kan få mange runder i Badnakrokjen på ein dag og det er kort veg til toalett og mat på Storastova.
Ved siden av elementa i Badnakrokjen finn du og grillhytter, gapahuk og bålpanner. Så her kan heile familien kosa seg med skileik!
Kveldskøyring i parken
Hjå oss finn du 11 km lysløyper i både grøn, blå, raud og svart løype. Parken er sjølvsagt og ope når det er kveldskøyring. Eit av dei 10 beste kveldskøyringstilboda i Europa!
Kveldskøyringa i Voss Resort er noko for seg sjølv, og ein må berre oppleva det før ein skjønner kva det handlar om.
Det er berre å samla gjengen til kvelds-shred etter jobb og skule!