Til fjells på langrenn
I Voss Resort finn ein mange mogelegheiter for langrennsturar, enten du ynskjer du ei fin turoppleving med barna, eller berre ei treningsøkt. Me har 18 km preparerte løyper i småkupert og familievennleg terreng. Ynskjer du ei ekstra utfordring er det mogleg å gå frå Raugstad.
Gondolen og ekspressheisen i Bavallen tek deg opp til starten av løypenettet. Me har eit eige sesongkort for langrenn til deg som kun skal på langrenn og nytta gondolbana.

“Ubegrensa” tilgang til langrennsløypene?
Då bør du ta ein titt på våre sesongkort. Vel mellom ulike typer; anten eit som inkluderer alle skiheiser, eller kun gondol for deg som berre skal stå på langrenn.
