Voss Resort – vestlandet sitt største skianlegg
Hjå oss kan du boltre deg i heile 40 kilometer preparerte alpinløyper og 24 varierte nedfartar, inkludert ei internasjonal storslalomløype og ei SuperG løype! Kom og å opplev Europas topp 5 kveldskøyringstilbod; 11 km lyssatte løyper (inkl. terrengpark), tre dagar i veka.
Voss Resort ligg tilknytt Voss sentrum og berre 100 km frå Bergen. Den unike plasseringa av gondolbana vår ved togstasjonen, gjer at du kan reisa både raskt og miljøvennleg til fjells. Skianlegget har to velkomstsenter; ved gondolbana vår i Voss sentrum, og i Bavallen.
Det komplette skianlegget
- 24 varierte nedfartar (sjå løypekart)
- 10 heisar og trekk (inkl. ein gondol) med ein samla kapasitet på heile 12 000 pers./time. Gondolbanen, som ligg rett ved sida av Voss Stasjon, gjev deg moglegheit til å reise grønt heilt til fjells på under ni minutt. Gondolen er inkludert i alle våre skikort.
- Fantastisk terreng, og fleire område for off-piste.
- 18 kilometer preparerte og sporsette langrennsløyper.
- 11 km med lysløyper og kveldskøyring i tre gonger i veka; tirsdag, torsdag og fredag.
- Tre område for barna: Trollbakken, Grebbesbakken and Badnakrokjen.
- Skiskule og skiutleige på Hangurstoppen og i Bavallen.
- Terrengpark som ein òg kan bruka på kveldskøyring.
- Snøkanoner som sikrar snø i delar av anlegget heile sesongen.
- 4 serveringsstader; Hangurstoppen Restaurant, Storastova på Slettafjellet, Varmestova i Bavallen og Gamle Hangursrestauranten.
- Overnatting i sjølvhushald hytter og leiligheiter, like ved skibakken.
- Hugs å ta ansvar, og vis omsyn når du er på ski i anlegget. Ta gjerne ein titt på våre tryggleiksreglar.
Hangurstoppen Restaurant
Hangurstoppen Restaurant er med sine 450 sitteplassar og to etasjar, Voss sin største restaurant/kafè og afterski.
Restauranten befinner seg på Hangurstoppen, 818 meter over havet, omkringa av uteområde og store vindauge som gjev deg godt utsyn til fjell- og naturområdet rundt toppen.
Panoramautsikt og kulinariske opplevelsar i særklasse!
Våre løyper
Utforløypa i Voss Resort er av dei lengste i landet, og er 3600 meter lang og har nesten 900 fallmeter. Vår familieløype er på heile 5200 meter.
Langrennsløyper
Ynskjer du ei fin turoppleving med barna, eller berre ei treningsøkt? Her finn du 18 km preparerte løyper i småkupert og familievennleg terreng.
Randonée/topptur
Frå skianlegget kan du nå Lønahorgi (1410m.o.h) og har tilgang på skog, mykje bra skiterreng og skogskøyring av beste klasse. I Voss Resort tilrettelegg me óg med eigen randotrasé, laga av nokon av Noregs beste skibestigarar og i samarbeid med VossaRando.
Skiutleige og skiskule
Våre flinke sertifiserte instruktørar gler seg til å læra deg gode tips og triks til å bli ein endå betre skiløpar anten du er nybegynnar, eller ynskjer å terpe teknikken i storslalomløypa. Les meir om skiutleige og skiskulen.
Overnatting
Bu like ved skibakken i moderne, sjølvhushald hytter og leiligheiter. Voss Resort leiger ut hytter og leilegheiter heile året, med skianlegget som næraste nabo.
Hotell Scandic + ski?
Book skipakke hjå Scandic Voss, for maksimal komfort i kombinasjon med framifrå skikøyring.
Gondolbana fraktar deg nærmast frå hotelldøra og rett til skibakken og fjellet. Turen til toppen tar under ni minutter. Ved bestilling av skipakke kan du ta gondolen så mange gonger du ønsker i løpet av ein dag.
Voss Resort + Voss sentrum
Voss er ei sjarmerande bygd, med ein lang og sterk skihistorie. Dette er ikkje alpane, men vil likevel trigge følelser hjå ein kvass skikøyrar som sett pris på det «ekte».
Voss er akkurat passe stort. Du finn alt du treng i gåavstand. Midt i sentrum ligg gondolen, som tek deg rett opp i fjellet. Berre 10 minutt frå du drikk opp kaffekoppen kan du stå på Hangurstoppen. Det er noko med denne«Aiguille du midi-følelsen», som inspirerar.
På Voss finn du eit stort utval av:
- Shopping
- Café
- Inspirasjon
- Kultur (konserter, festival og kino)
- Bar/pub
- Matopplevingar
- Aktivitetstilbod (bowling, leikeland, svømmebasseng, buldresenter)
- Idrettsanlegg
- Treningssenter