Voss – den råaste aktivitetsbygda i Noreg!
Enten du vil gå i fjellet, sykla, sveva med paraglider eller ta gondolen til topps – her finn du aktivitetar for både kvilepuls og høg puls.
Alt på ein plass
Voss byr på alt frå tandem fallskjerm og tandem paragliding til vindtunnel, klatrepark, sykling, rafting, fjellturar, golf og eit bad i elva.
Alt ligg nært – her har du kort avstand til eit hav av aktivitetar for den akive og eventyrlystne familien og vennegjengen, i tillegg er Hardangerfjorden og Sognefjorden berre ein liten køyretur unna. Her treng du ikkje køyre langt for å få mykje.
6 gode grunnar
for å ta gondolen i sommar

Overnatting – kort veg til det meste
Enten du vil vakna til utsikt over fjell eller berre ha kort veg til alt, så har Voss Resort hytter og leilegheiter som passar perfekt for deg. Her bur du midt i naturen, men samtidig nær nok til å stikka ned til sentrum for ein is eller ein god kaffikopp. Og vil du på dagstur til Hardangerfjorden eller Sognefjorden? Ingen problem – det er berre ein liten biltur unna.
Vil du heller bu på hotell? Då har du Scandic Voss, Fleischer’s Hotel og Park Hotel Vossevangen å velja mellom – alle med kort veg frå tog, buss og alt anna du treng. Gondolen? Den ligg rett borti vegen og tek deg til fjells på ni minutt.