Selskapslokale i Voss Resort
Hjå oss kan du arrangere selskap av alle slag! Me har to flotte selskapslokale; Bavallstunet og Hangurstoppen Restaurant. Begge lokale er tilgjengelege for selskap av alle slag; avslutningar, dåp, konfirmasjonar, bryllupsfestar, åremålsdagar, jubileum og julebord. Me ynskjer både store og små grupper velkomne!

Bryllup

Arrangement

Konfirmasjon

Fasilitetar
Våre lokaler er fullt utstyrt med alt du treng for eit vellykka selskap, inkludert; lydanlegg, projektor, wifi og ikkje minst god utsikt. Me kan i tillegg tilby god mat laga av lokale råvarer og sjølvsagt profesjonell service. Saman med deg sørger me for at ditt arrangement vert ein suksess frå start til slutt.

Konkurransedyktige prisar
Våre prisar varierer basert på antal gjester. Ta kontakt og me skreddersyr ei pakke som passar ditt budsjett. Enten det er ein mindre konfirmasjon med familie og nære vener eller ein uforgløymeleg bursdagsfeiring med alle du kjenner – me i Voss Resort skal bistå med å skapa eit minnerikt selskap.

Selskap på Hangurstoppen Restaurant
Hangurstoppen Restaurant ligg vakkert til 818 m.o.h. og ein nyttar Voss Gondol for å ta seg hit. Her har ein nydeleg panoramautsikt over fjella og eit uteområde som kan nyttast på fine dagar. Restauranten er Voss sin største, med sitteplassar til 400 personar. Her er moglegheit for å dele inn lokale på fleire måtar, slik at ein finn noko som passer deg.
Restauranten har fokus på heimelaga mat med gode og lokale råvarer. Her er og bar med alle rettigheter.

Selskap i Bavallstunet
Det er enkel adkomst til Bavallstunet og her er flotte uteområde med terrase og utsikt over Vossabygda. Me serverer gjerne mat dersom det er ynskje om det og me har eigen bar med alle rettigheter. Ta kontakt med oss så sender me deg vår meny.
Spisesalen i Bavallstunet har sitteplassar til omlag 65 personar. I tillegg har me ein salong, med sitteplasser til 25 personar. Me kan dekke både langbord og småbord – alt etter kva du måtte ynskje.
Kontakt oss
Ta kontakt for meir informasjon om booking eller våre lokaler.
E-post: post@vossgondol.no
Telefon: 47 00 47 00