Barn og familie
Eigne barneområder, Grebbe skiklubb, gratis heiskort og supertilbod for barne- og ungdomsskular. I Voss Resort ligg forholda til rette for at dei minste skal kunne utfalda seg.
Områder tilrettelagt for barna
Badnakrokjen (løype 20) ligg rett ved kaféen på Slettafjellet. Her er det eit eige skitrekk på 190 m for dei små. Badnakrokjen har eit flott terreng for leik og moro saman med andre barn. Det er òg to gapahuker med sitteplassar til 8-10 personar i kvar. Badnakrokjen har eigen aktivitetsleiar og er open i helger, feriar og høgtider, kor det også vert arrangert skirenn klokka 11:00. Det er gratis å delta og alle får premie.
Trollbakken (løype 4) er eit barneområdet på Hangurstoppen, rett foran Hangurstoppen Restaurant. Det er difor kort avstand til både servering og toalettfasilitetar, i tillegg til skiskule og skiutleige som også ligg her. Trollbakken har svak helling og eit 65 meter langt skiband med takoverbygg. Eit perfekt område for å læra seg å stå på ski. Ta gondolen frå sentrum eller Ekspressheisen frå Bavallen for å koma deg til Trollbakken.
Grebbesbakken (løype 12) ligg i Bavallen og er gratis. Her kan barna få både ein tidleg og trygg start på ski. Det 50 meter lange skibandet har ei svak helling, og er lett å koma seg av og på. Her er det heilt idéelt for dei minste å trena seg til å bli flinke på ski, både på langrenn og alpint. Bakken vert også brukt av vaksne nybyrjarar som vil ha ein forsiktig start.
Sjå vårt løypekart (PDF 0,1MB)
Me minner om at barn må vera over 10 år og 140 cm for å ta stolheis aleine. Sjå gjerne meir om våre sikkerheitsreglar
Gratis heiskort til barn 0-6 år
I Voss Resort skrir alle barn frå 0-6 år gratis i anlegget. Hugs å ta med keycard. Hjå oss får og alle barn mellom 0-6 år leige hjelm gratis.
Gratis årskort for 4. klassingar i Vestland
Me ynskjer å motivera barn og unge til auka fysisk aktivitet og gjev difor alle 4. klassingar i Vestland fylke gratis årskort. 4. klassekortet gjev tilgang til skianlegget og gondolbana i gondolens opningstider gjennom heile året.
Tilbod til barneskular i Vestland
Voss Resort ynskjer å motivera barn og unge til fysisk aktivitet. Før var det ein naturleg ting å ha ski heime og læra seg basis ferdigheiter gjennom leik og moro. I dag er det mange som ikkje har ski og dermed verken kan vidareføra arva etter Sondre Norheim eller tileigna seg ferdigheitene til Kari Traa.
Me har difor tilbod på skidag, inkludert instruksjon og leige av utstyr. Ta kontakt med post@vossresort.no for prisar og meir informasjon.