Prisar på skikort og gondolbilletter i Voss Resort
Spar pengar og kjøp skikort eller gondolbillettar på nett! Voss Resort har eit stort utval av skikort og gondolbillettar, slik at du kan finne det som passar deg best. Barn under 7 år får gratis skikort og gondolbillett.
Dei aller fleste billettane våre kan du kjøpe på nett. Kjøper du “tur-retur” eller “ein veg” på nett, går du rett til vendekorset og gondo.
Sjå vår priskalendar for prisar på gondolbilletter.
Kjøp skikort på nett, hent det i kortautomaten og gå rett til skiheisen. Gondolen er inkludert i alle våre skikort, og barn under sju år får gratis skikort.
Sjå vår priskalendar for prisar på dags- og fleirdagarskort.
Fordelar med års- eller sesongskikort
- 5 dagers skikort i Grandvalira Ski Resort i Andorra og Laax i Sveits i løpet av vintersesongen
- Med årskort har du tilgang til gondolbana i gondolens opningstider gjennom heile året.
- Kveldskøyring (tirsdag, torsdag og fredag).
- Du kan ta ein kort økt etter jobb, ei heil helg med familien, eller spontane turar når forholda er på sitt beste.
Vossakortet er eit sesongkort til både Voss Resort og Myrkdalen skisenter. Prisen er fast kr 8.900,- , same for alle. Vossakortet har alle dei same fordelane som eit vanleg sesongkort.
Keycard: 80,-
Slik finn du keycardnummeret
- Sjå direkte på skikortet – nummeret står oppført på baksida.
- Sjå på kvitteringa dersom du har kjøpt sesong- eller årskort hjå oss tidlagera.
Logg inn på «Min side» for full oversikt
Som gjest hjå Voss Resort kan du enkelt logge inn på Min side full oversikt over kjøpa dine. Dersom du ikkje har handla hjå oss før, vert det automatisk oppretta ny brukar til deg når du gjennomfører ditt første kjøp. Dersom du allereie har oppretta brukar, treng du berre å logge inn med e-postadressa og passordet ditt.
Når du er innlogga kan du:
- Sjå alle aktive og tidlegare bestillingar
- Laste ned billettar og ordrebekreftingar
- Endra personopplysningar og kontaktinformasjon
Familietilbod og rabattordningar
Voss Resort tilbyr ein fleksibel og rettferdig prismodell for familiar. Prisen på års- og sesongkort blir rekna ut frå kor mange personar de er i familien, i staden for éin fast pris for alle. Modellen har fleire ulike familiekombinasjonar, som til dømes 1+1, 1+2, 2+1 og 2+2, til ein betre pris enn tidlegare. Ordninga gjer òg at 4. klassekortet no kjem familien til gode.
Familiar med redusert inntekt
Me ynskjer at alle skal få moglegheit til å kome seg ut på ski og tilbyr sesongkort til 2725 kr til barn og ungdom (7-19 år) i hustander med samla inntekt under 550.000 kr. Ein husstand er definert som alle personane som bur saman i same bustad.
Tilbodet gjeld barn og ungdom som er folkeregistrert og bur i Voss Herad. Årsinntekt for hustand må dokumenterast med skattememelding eller lønnsslipp. For meir informasjon kontakt Voss Resort.
Fulltidsstudentar på vaksenopplæringa i Voss herad får sesongkort til studentpris 3120 kr. Gyldig elevkort må framvisast ved kjøp.
Fem ekstra skidagar i Grandvalira og LAAX
Kjøper du sesongkort eller årskort (inkludert sesongkort midtveke og student), får du også tilgang til to av Europas mest spennande skidestinasjonar – Grandvalira i Andorra og LAAX i Sveits. Du får opptil fem skidagar i begge skianlegga inkludert i vintersesongen 2025/2026. Sesong- eller årskort til gondolen er ikkje med i ordninga.
Grandvalira, Andorra
Grandvalira er det største skianlegget i Pyreneane, med 7 skiområde og totalt 215 km med løyper. I tillegg til ski og snowboard tilbyr Grandvalira eit mangfald av snøaktivitetar, fritidstilbod, gastronomi og sportsarrangement. Du bestemmer sjølv kva dagar du vil bruke kortet.
LAAX, Sveits
LAAX er kjent som ein av dei mest innovative skidestinasjonane i Alpane, med moderne anlegg, lange løyper og eit variert tilbod for både skikøyrarar og snowboardarar. Skikortet gjeld i inntil fem dagar, måndag til fredag. For å få gratis skikort må du bu på eitt av desse hotella: Rocksresort, Signina Hotel, Riders Hotel, Galaaxy, Nagens Lodge eller Segnes Lodge.
Bestill skikort
Kontakt Voss Resort for å få ei skriftleg stadfesting. Denne må du vise fram ved skisenteret du skal besøkje.
Gode rabatter og tilbud
Studentrabatt gjeld for fulltidsstudentar på høgskule, fagskule eller universitet (ikkje folkehøgskule). Studentbevis, gyldig bevis for betalt semesteravgift og eventuell dokumentasjon må framvisast ved kjøp. Studentrabatt gjelder også lærlinger med gyldig lærlingkontrakt. Lærlingskontrakten må framvisast ved kjøp.
SkiBillett er ein enkel og prisgunstig pakke med tog, buss, gondol og heiskort. SkiBilletten selges av Fjord Tours, og tilbys til voksen- og barn. Med SkiBillett reiser du enkelt frå by til skibakken, slik at du kan nyte ein eller fleire dager i Voss Resort. Du sparer tid og penger, og i tillegg reiser du miljøvennleg.
20% rabatt på dagskort vinter. Gå til BT Fordel.
4. klassekortet gjev tilgang til heile skianlegget og gondolbana i gondolens opningstider gjennom heile året. Kortet er gyldig til 15. august 2026. Siste frist for bestilling er 15. februar. Du kan hente ut kortet når det passer deg i billettluka gondolbygget eller i Bavallen. Sjekk opningstida før du kjem.
Nytt keycard må kjøpast ved bestilling (kr 80,-). Bestilte kort hentast ut på billettkontor. Pass eller fødselsattest må framvisast ved uthenting av kort.
Barn under 7 år får gratis skikort og gondolbillett dersom føresette, foreldre, besteforeldre eller tante/onkel har tilsvarande kort. Om foreldre/føresette ikkje har sesongkort eller årskort, kan ein hente ut dagskort til barn. Alle barn må ha eige Keycard. Skikort og gondolbillett må du hente i billettluka i Bavallen eller i gondolbygget.
Me har grupperabatt på dagskort for grupper over 20 personer ved førehandstinging. Gjeld ikkje på allereie rabatterte kort. Det vert ikkje gjeve refusjon i etterkant.
Nyttig informasjon ved kjøp av skikort
Vêr- og føreforhold
Billettar som ikkje kan brukast grunna tekniske feil, dårleg vêr- og føreforhold vert ikkje refundert. Ved trening/konkurransar i anlegget kan nokre løyper verta stengt for publikum.
Bruk av skikort
Voss Resort brukar keycard til alle typar skikort. Keycard er gjenbrukskort som kan ladast opp på nytt. Korta vert ikkje refundert. Alle kort er gyldig inneverande sesong, og kan ikkje vidareførast neste sesong. Unntak er årskort som som er gyldige 12 månader frå kjøpsdato.
Som gjest er ein sjølv ansvarleg for å setta seg inn i kjøpsbetingelsar og korleis ein kan nytta rabattordningar. Gebyr for tapt eller gløymt sesongkort er 200 kr. Kortmisbruk kan føre til inndragelse av kort eller gebyr på 1500 kr.
Dersom skatter og/eller avgifter vert endra, og dermed fører til ei kostnadsauke for tilbydar etter at bestillinga er gjennomført og betalt, kan prisen auke tilsvarande for bestiller. Prisendringa skal umiddelbart meddelast bestiller.
Studentar
Studentrabatt gjeld for fulltidsstudentar på høgskule, fagskule eller universitet (ikkje folkehøgskule). Studentrabatt gjelder også lærlinger med gyldig lærlingkontrakt. Lærlingskontrakten må framvisast ved kjøp. Les meir om vårt studenttilbod.
Ledsagarbevis
Innehavar av ledsagarbevis/fylgjekort kjøper skikort/gondolbillett til ordinær pris. Ledsagar går fritt. Billett til ledsagar hentast ut på billettkontoret. Merk at for skikort må ein ha keycard om ein ikkje har det frå før. Keycard kostar 80 kr.