Møte og kurs i Voss Resort
Er du og lei av trange møterom? Freistar det å kunne kombinere det faglege med frisk luft, vandring eller topptur? Då foreslår me at du legg teambuildinga, kurset, møtet, kick-offen eller seminaret til ein plass som ikkje liknar noko anna, heile 818 moh. Reisevegen opp hit er spektakulær: du må nemleg ta gondolbane for å kome til møtet ditt.
Me tilretteleggjer og skreddersyr gjerne for store og små samlingar, både med eller utan møtelokale, servering og aktivitet.
Ta kontakt, så sender me dykk eit uforpliktande tilbod.
Bedriftspakke:
- 2-rettars lunsj
- Møterom og utstyr
- Kaffe og frukt heile dagen
- Ein pause med bakevarer
- Gondol tur/retur (gjelder kun Hangurstoppen)
- Tilpassa opningstider
- Me tilpassar opplegget og likar ei utfordring!
Pris kr 1095,- per person
Overnatting på Voss
Kjem du med tog er det enkelt å sjekke inn på ein av dei tre sentrumshotella på Voss; Scandic Voss, Fleischer’s Hotel eller Park Hotel Vossevangen. Alle desse ligg like ved togstasjonen.
Har du tilgang på bil og ynskjer sjølvhushaldovernatting? Ta ein titt på våre sjarmerende hytter eller leiligheiter. Her har du flott utsikt og natur og fjell like utanfor hyttedøra.
Kontakt oss
Vårt møterom
Møterommet ligg på Hangurstoppen Restaurant, 818 moh. Her er det plass til 50 personar og det er fullt utstyrt med alt du treng for å gjennomføre eit møte, seminar eller kurs. Gondolen frakter deg raskt, enkelt og miljøvenleg opp og ned.
I etasjen under møterommet finn du restauranten vår. Her har me stort fokus på lokal og kortreist mat. Me tilbyr gjerne noko å bita i som ein del av møtepakken.
Rett utanfor møteromsdøra finn du i tillegg turstiar av alle slag. Her er med andre ord gode moglegheiter for å trekke inn frisk luft mellom slaga, med flott utsikt over Vossafjell og bygda vår. Nokre av stiane er universelt utforma, så her kan du og koma til med rullestol.
Hjå oss vil du få oppleva den unike effekten av å kombinera jobbfagleg med eineståande naturlandskap og god mat.
Kontakt oss i dag for å planlegge din neste bedriftssamling på Hangurstoppen
Grønn reiseveg
Det er enkelt å reisa til Voss med bil, buss og tog, både frå Bergen og Oslo. Den nedre stasjonen til gondolbanen er i trafikk-knutepunktet med buss, tog og taxi på Voss Jernbanestasjon, noko som gjer det svært lett for tilreisande å koma seg vidare til fjells på miljøvennleg vis.
Me oppfordrar gjerne til å reisa grønt og enkelt med toget og deretter vidare med gondolbana vår. Frå Bergen Stasjon vil det ta deg omlag 1,5 time frå du går om bord på toget i Bergen, til du er på Hangurstoppen.