Kveldskøyring i Voss Resort
Kvar tysdag, torsdag og fredag har me kveldskøyring i Voss Resort. Vårt kveldskøyringstilboda er eit av dei beste i Europa, med over 11 km lyssatte løyper i alle vanskegrader, frå grøn til svart. Hjå oss får du ei unik skioppleving også etter at sola har gått ned. Følg med på vêr og føremeldingar for oppdatert informasjon om kva løyper og heiser som er opne.
Opplev Voss Resort etter solnedgang
Med mange kilometer lyssatte løyper, i tillegg til eit spanande og leikent skiterreng tilgjengelig med hovudlykt, er det ikkje rart at ein vel å tilbringa ettermiddagane her. Kveldskøyring gjev deg fleksibilitet i kvardagen, perfekt for deg som vil få mest mogleg ut av opphaldet.
Opningstider for kveldskøyring
- Tysdag og torsdag: kl. 15.30–20.00
- Fredag: kl. 15.30–21.00
Med atterhald om vêr og føreforhold. Frå 15. januar - 20. mars startar kveldskøyring frå kl. 16:00. Siste kveldskøyring er tysdag 31. mars.
Følg med på vêr og føremeldingar for oppdatert informasjon om kva løyper og heiser som er opne.
Skikort for kveldskøyring
Du kan velja mellom eige kveldskort, eller kombinera med dag + kveldskort. Har du sesongkort, er kveldskøyring inkludert. Studentar får eigen pris på kveldskort, og born under 7 år køyrer gratis (men treng keycard).
Skiheisar og løyper
Under kveldskøyring er fleire heisar i drift, inkludert gondolen, Bavallsekspressen, Tråstølsekspressen, og fleire barneheisar. Løypene som er opne inkluderer blant anna Familieløypa (løype 8) , Alphaløypa (løype 6) og Storslalåmløypa (løype 7) og Slettafjell (løype 16).
Trollbakken (løype 4) er eit barneområdet på Hangurstoppen, rett foran Hangurstoppen Restaurant. Det er difor kort avstand til både servering og toalettfasilitetar. Trollbakken har svak helling og eit 65 meter langt skiband med takoverbygg.
Grebbesbakken (løype 12) ligg i Bavallen og er gratis. Her kan barna få både ein tidleg og trygg start på ski. Det 50 meter lange skibandet har ei svak helling, og er lett å koma seg av og på. Her er det heilt idéelt for dei minste å trena seg til å bli flinke på ski, både på langrenn og alpint. Bakken vert også brukt av vaksne nybyrjarar som vil ha ein forsiktig start.
Sjå vårt løypekart (PDF 0,1MB)
Mattilbod under kveldskøyring
Etter ei aktiv økt i bakken kan du ta ein velfortent pause på Hangurstoppen Restaurant, som held ope med ein smakfull Grab & Go-meny frå kl. 16.30. Her får du varm suppe, fjellplanke og pizza – perfekt for å fylle på energien. I tillegg er Storastovo Varmestovo open med kioskprodukt.
Togtilbod Voss-Bergen
No kan du ta kveldstoget frå Voss klokka 21:08 til Bergen, måndag til laurdag. Det passar perfekt med kveldskøyring på Voss, som gjer det enklare enn nokon gong å nyte skikøyring i Voss Resort. Du kan velje å stå på ski heile dagen eller berre ta deg ein kveldsøkt i dei flotte løypene våre.
Når du er ferdig, er det berre å slenge seg på toget og lena seg tilbake medan du vert frakta trygt heim til Bergen – enkelt og greitt!
Lyssatte løyper i Voss Resort:
- Trollbakken (4, grøn)
- Slettafjellet (16)
- Alphaparken (P)
- Familieløypa (8a og 8b, grøn og blå)
- Badnakrokjen (20, grøn)
- Alphaløypa (7, raud)
- Storslalåmløypa (6, svart) – kun fredagar
- Grebbesbakken (12, grøn)
Desse heisane går under kveldskøyring:
- Gondolen
- Bavallsekspressen
- Tråstølsekspressen
- Slettafjellet
- Badnakrokjen
- Trollbakken
- Grebbesbakken