Framifrå matfestival på Hangurstoppen

Bli med på ei Framifrå mathelg på Hangurstoppen!

12. og 13. april frå klokka 11:00-15:00 kan du oppleva Framifrå matfestival på Hangurstoppen Restaurant. Kom og hels på dyktige og lokale produsentar av mat, strikk og opplevingar, frå Ryfylke i sør til Kandal i nord. Det vert smaksprøvar, sidersmaking og kjekke ting å kjøpe med seg.

Til Hangurstoppen denne helga kan du mellom anna få med deg:
  • Meieriprodukter frå Vossasmøret, Slettevollen Gardsysteri og Ryfylke Gardsysteri
  • Kjøttprodukter frå Løvaas Gard, Kandal kjøtt, Norsk Hjortesenter, Stokken Gard, Nordre Solend Gard og Tveit Søndre Gardsmat
  • Frukt og Bær frå Lofthus Sideri, Kvestad Sideri og Påldtun.
  • Honning frå Føyno Gard og Vestlandsbia
  • Strikkedesign frå  Monica V. Larsen
  • Deli frå Urt & Ugras
Sidersmaking med Kvestad Sideri, laurdag 12. april

Møt ein av pionerane; historieformidlar og produsent Håkon Kvestad. Det vert to tidspunkt for smaking; klokka 14:00 (3 typer, kr 640,-) og klokka 16:00 (5 typer, kr 680,-). Det vert servert ein snackstallerken med ulike oster og spekesmaker.

Påmelding:

Kven er Framifrå-familien?

Linda (Bondekåno) og Robert (Bonden) fra Løvaas Gard er selvutnemnte «livskunstnarar», som for dei betyr å finne det som er framifrå og dele det med deg. Bondelivet vert for mange sett på som slitsomt, det stemmer og for dei. Nettopp derfor har dei brukt mange år, besøkt bønder i fleire land, lytta til kunnskapsrike mennesker, besøkt restaurantar og hotell i mange land, besøkt unike destinasjonar for aktivitet og blitt inspirert til å dele all deira inspirasjon med deg.

Rabattert pris på gondolbillett

Om du ikkje har skikort og treng gondolbillett, så får du gondolbillett til kr 100,- om du bruker promokode happyeaster når du bestiller. Kjøp billett her

Andre arrangementer

13. des - 18. apr

Afterwork

Ei god avslutning på arbeidsveko og ein kick-start på helga!
4. jan - 19. apr

Afterski

Kvar laurdag!
Laurdag 5. april 2025, 15:00 - 20:00

Club Orange Afterski

Bli med på Club Orange afterski