17. mai på (Hangurs)toppen av Voss
Velkomen til 17. mai fest på toppen av Voss!
Me byr på ein innbydande og tradisjonell 17. mai buffet med ekte nasjonalromantisk utsikt med på kjøpet. Me serverar ein tradisjonell og velsmakande buffet med varme og kalde retter, samt dessert.
Program
10:00-11:00: Fristande bakst og drikke
11:00-16:30: Buffet
Me serverar buffet med storfe Roti frå Voss, fersk fisk, vegetargrateng og blomkålsuppe, samt dessert og kaffe. Hugs å reserver eit bord innan 16. mai klokka 12:00.
Pris
- Vaksen: 695,-
- Barn 8 – 15 år: 320,-
- Barn 4-7 år: 190,-
- Barn 0 – 3 år: gratis
Gondolbillett er inkludert i 17-mai billetten. Siste tur ned med gondol er 17:00.