Fem populære fjellturar i Voss Resort

Hangurstoppen, 818 m.o.h., er utgangspunktet for dei mange turane i området. Er du blant dei ivrigaste kan du byrja med å vandre opp til hit frå Voss sentrum. Vil du heller koma deg raskare opp så anbefaler me å kick-starte turen med gondolbana vår, Voss Gondol. Nyt den majestetiske utsikten undervegs, og vipps så har bana frakta deg opp på berre ni minutt.

Er eit av delmåla å ta Instagram-venlege feriebileter i vakker vestlandsnatur, er dette staden for deg. Her er utsikta nydeleg uansett kva veg du snur deg. Prøv ein eller fleire av desse fem fjellturane på Voss i år:

1. Lønahorgi – med utsikt til isbrear

Nivå: Krevjande, store barn og vaksne
Lengde/tid: 8,5 km, ca. 6-8 timar tur/retur (avhengig av form og fart)
Type: Sti og terreng, oppover

Lønahorgi (1410) er eit populært turmål med utgangspunkt frå Voss Resort. Ein herlig tur der ein får brukt beina godt og kan nyte utsikt frå toppen. Vel å starte frå enten Hanguren eller Bavallen. Frå Hangurstoppen føl du T-merka sti og skilta mot Lønahorgi. Stien går via Røde Kors-hytta og held høgda som kryssar heistraseen på Slettafjellet. Deretter går stien oppover ryggen mot Horgaletten, Kvilehytta og vidare til Lønahorgi. Frå toppen kan ein på klare dagar sjå heile fire isbrear (Fresvikbreen, Hardangerjøkulen, Vossaskavlen og Folgefonna) og ein kan skue vakre vestlandstoppar så lagt auge rekk.

Denne fotturen er for dei litt meir utholdne, då det er ein krevande tur på ca. 20 km tur/retur som tek omlag 6-8 timar, alt etter kvar ein starter frå. Frå Bavallen til Lønahorgi er det omkring 1100 høgdemeter. Ruta er sommermerka og går i høgfjellsterreng. Ta difor med utstyr som kart og kompass og vèr budd på skiftande vêr. Hugs gode sko og kle deg etter vêret.

2. Skutsgardstjørni – utsikt over Vossabygda

Nivå: Enkel, barn og vaksne
Lengde: 4,5 km
Type:  Lett kupert terreng på stien, bratt oppoverbakke langs alpinløypa

Ein fin tur for deg som vil gå både opp og ned. Turen startar på Hangurstoppen. Føl skilt mot Røde Kors hytta. Herifrå går stien nedover i lett terreng mot tjernet Skutsgardstjørni med flott utsikt over Vossabygda. Også her er det gode fotomoglegheiter. Vidare føl du stien til den møter alpinbakken og grusvegen. Gå bratt oppover langs alpinløypa og grusvegen tilbake mot Hangurstoppen der du starta.

3. Røde Kors hytta, knutepunkt for andre løyper

Nivå: Enkel, alle
Lengde: 3,3 km
Type: Lett kupert terreng. Grusveg eller sti frå Hangurstoppen.

Røde Kors hytta er eit populært turmål. Frå Hangurstoppen kan du velge å anten gå sti i terrenget, eller følge grusveg/grussti. Du kan og starte turen i Bavallen. Røde Kors-hytta ligger like ved Valbergstjørni, ein populær og flott plass for bading. Hytta er dessutan eit knutepunkt for ei rekke andre løyper for den som vil gå vidare i fjellet.

4. Hanguren Panorama – utsikt over Vossabygda
Nivå: Enkel, alle
Lengde: 1 km
Type: Grussti

Rundløypa Hanguren Panorama er ein universelt tilrettelagt grussti, som passer for alle målgrupper og som også er fin for barn, barnevogner og rullestol. Her er det panoramautsyn over Vossabygda og fjella omkring, og løypa er difor og ein fin plass å sikre flotte feriebilete frå turen. Prøv Hangurshusko og kjenn sommarfuglane i magen eller prøv rebusløypa til Grebbe som du finn undervegs på stien.

5. Grebbeløypa – sti i terreng
Nivå: Enkel, barn og vaksne.
Lengde: 3,2 km
Type:  Sti i lett kupert terreng

Denne rundløypa går på sti i terrenget. Løypa er merka «Grebbeløypa» med grøne turskilt frå Hangurstoppen. Ha gode sko og kle deg etter vêret. Dette er ein trygg og behagelig tur i naturen som passer for dei fleste.