Bavallen Grand Prix

Vintersesongens råaste lagkonkurranse!

Laurdag 21. mars klokka 08:00 går startskotet for Bavallen Grand Prix, ein lagkonkurranse der alle kan delta, uavhengig av ferdigheiter. I Bavallen Grand Prix kjemper hyttenaboer mot kvarandre, det er bedriftslag, vennegjenger, familielag og dei blodseriøse. Medan nokre går all in for å få beste tid og har kvalifiseringsrundar for å bli ein del av eit lag, er andre med kun fordi det er moro - gjerne i utkledning.  

Kvart lag består av fire personar, og alle skal gjennom preparerte løyper gjennom heile anlegget. Arrangementet gjennomføres om morgonen før skianlegget opnar. Det vert premier til dei som får beste tid, men i tillegg har me også ei idealtid. Det betyr at ein kan vinne, sjølv om ein ikkje er raskast.

Nytt for året er at kvart lag må bestå av fire personar.
 

Program for dagen

  • 06:45 – Oppkøyring med Bavallsekspressen 
  • 07:00 – Oppmøte Hangurstoppen
  • 07:30 – Løparmøte
  • 08:00 – Start Bavallen Grand Prix
  • 09:30 – Frokost på Hangurstoppen etter rennet.
  • 15:30 – Afterski med premieutdeling og Skibarbula-band
     

Påmelding
Startavgifta er 3500 kr per lag, og inkluderer frukost og billett til afterski.
Påmeldinga held fram til den er fullteikna (maks 60 lag). Det er 20 år aldersgrensa etter premieutdelinga.

Påmelding Bavallen Grand Prix
 

Afterski
Ein må ha afterskibillett for å koma inn på afterski denne dagen. Den er inkludert i startavgifta til alle deltkarar. 
Er du ikkje deltakar, må du kjøpe eigen afterskibillett til kr 150 (kr 250 om du treng inkl. gondol). 

Kjøp afterskibillett her

Under afterski får du kjøpt ekte gresk gyros med saftig kjøt og friske smakar.

Andre arrangementer

13. des - 11. apr, 15:30 - 20:00

Afterski

Afterski på Hangurstoppen Restaurant og i Bavallstunet
19. des - 10. apr, 15:30 - 21:00

Hangur Fridays

Ta gondolen rett inn i fredagsmodus
6. mar - 7. mar

SKIROSA

Dagen då damene "eig" skianlegget