Rosévinkveld med vintvillingane Reidar & Robert

Vinsmaking med rosé og lokale smakar med vintvillingane Reidar og Robert (kjent frå Park Hotel Vossevangen)

Me gjentek suksessen! Forrige vinkveld med Reidar og Robert vart utsolgt, så me anbefaler å vera ute i god tid. 

Bli med på ein eksklusiv rosévinsmaking på Hangurstoppen Restaurant i godt lag med vinentusiastane Robert og Reidar. Nyt eit herleg utval av rosévinar, nøye satt saman med “Fjellplanken” – med lokale smakar som løftar fram det beste frå regionen.

Robert og Reidar er begge utdanna sommelierar og jobbar til dagleg ved Park Hotel Vossevangen. Der har dei ansvar for restauranten og den prisbelønna vinkjellaren – som har fått ei rekkje prisar både nasjonalt og internasjonalt. Vinkjellaren ved Park har fokus på "rein" og balansert vin som viser drua sine eigenskapar i samspel med historie, tradisjon og geografi. For å kunne nyte vin, må ein forstå strukturen i vinen. Reidar og Robert vil dele smaketeknikkar og lære deg korleis du kan forstå vin på ein ny måte.

Kvelden inneheld:

  • 2,5 timar saman med vintvillingane Reidar og Robert Johansen, der ein smaker på 5 ulike glas vin (1 musserande, 4 rosévinar)
  • Tur/retur gondol
  • 1 fjellplanke per gjest

Pris for denne innhaldsrike vinopplevinga er kr 1150,-. Kun 50 plasser, så her er det fyste mann til mølla.

Kjøp billett her

Andre arrangementer

13. jun - 15. jun, 17:00

Voss Cup

Voss Cup er den største barneturneringa i Noreg, og er ei unik oppleving for alle både spelarar, trenarar og alle rundt laget.
Fredag 20. juni 2025, 15:00 - 22:00

Sommarfest på Hangurstoppen

Bli med på sommarens store happening for vennegjengen, organisasjonar, lag eller bedrifter
22. jun - 29. jun, 17:00

Ekstremsportveko

Ekstremsportveko er verdens største ekstremsportfestival, og arrangeres på Voss.