Bavallen Downhill

Klar for å oppleva fartsfylt action utan å kasta deg utfor sjølv?

Under MTB Downhill-konkurransen dundrar utøvarane ned dei bratte bakkane i Bavallen og du har fyrsterads­plass! Stå langs løypa, kjenn suget frå syklistane som fresar forbi, og alt du treng å gjera er å heia! Banen er stappa med hopp, doseringar og tekniske parti som garantert får pulsen til å stige.

Samle vener og familie, finn dykk ein god utkikkspost, og la adrenalinet smitta. Enten du er sykkelentusiast eller berre nysgjerrig på ekstrem sport, er dette publikums­opplevinga du ikkje vil gå glipp av. Set av dagen, møt opp i Bavallen, og opplev MTB Downhill på nært hald!

Sjåast i bakken!

Andre arrangementer

1. mai - 13. okt, Kvar dag

Hangurstoppen Turbingo

Kor mange av tinga greier du å finne på turen din?
22. jun - 29. jun, 17:00

Ekstremsportveko

Ekstremsportveko er verdens største ekstremsportfestival, og arrangeres på Voss.
25. jun - 27. jun

Sjå paraglidarane ta sats

Nyt usikta medan paraglidaran tek sats utfor fjellet.