Kveldskøyring i Voss Resort

Fram til 14. mars har me kveldskøyring kvar tirsdag, torsdag og fredag frå klokka 15:30. Frå 18. mars til 11. april er det kveldskøyring kun torsdagar.

Me har 11 km lysløyper i både grøn, blå, raud og svart løype, og eitt av dei 10 beste kveldskøyringstilboda i Europa! Følg med på vêr og føremeldingar for oppdatert informasjon om kva løyper og heiser som er opne. 

Smaksrike pausar til kveldskøyringa

Nyt ein smakfull pause på Hangurstoppen Restaurant!

  • Tysdag- og torsdagskveldar serverer me kjøkkenets smaksrike suppe, fjellplanken og pizza – perfekt etter ei aktiv økt i bakken.
  • Fredagskveldar kan du velje frå vår varierte dagmeny og pizzameny, full av rettar som gleder både store og små.

Utforsk heile utvalet på vår dagmeny og pizzameny

Nytt togtilbod Voss-Bergen

Frå og med 15. desember vert det ny avgang frå Voss klokka 21:08 til Bergen, måndag til laurdag. Det passar perfekt med kveldskøyring på Voss, som gjer det enklare enn nokon gong å nyte skikøyring i Voss Resort. 

Du kan velje å stå på ski heile dagen eller berre ta deg ein kveldsøkt i dei flotte løypene våre. Opningstida for kveldskøyring er 15:30-20:00 tirsdagar og torsdagar, og 15:30-21:00 på fredagar.

Når du er ferdig, er det berre å slenge seg på toget og lena seg tilbake medan du vert frakta trygt heim til Bergen – enkelt og greitt!

Der skientusiastane samlast

Kveldskøyring er eit samlingspunkt på Voss. 

Med mange kilometer lyssatte løyper, i tillegg til eit spanande og leikent skiterreng tilgjengelig med hovudlykt, er det ikkje rart at ein vel å tilbringa ettermiddagane her. 

Du kan ta ein velfortent pause frå kvardagen, møte kjente eller berre ha ei artig ettermiddagsaktivitet.

Opningstider i skianlegget

Lyssatte løyper i Voss Resort: 

  • Trollbakken (4, grøn) 
  • Slettafjellet (16)
  • Alphaparken (P)
  • Familieløypa (8a og 8b, grøn og blå)
  • Badnakrokjen (20, grøn)
  • Alphaløypa (7, raud)
  • Storslalåmløypa (6, svart) – kun fredagar
  • Grebbesbakken (12, grøn)

Sjå løypekart (løypenummer)

Desse heisane går under kveldskøyring: 

  • Gondolen
  • Bavallsekspressen
  • Tråstølsekspressen 
  • Slettafjellet 
  • Badnakrokjen
  • Trollbakken
  • Grebbesbakken