Kampanjesal for vintersesongen 2025/2026

Frå 15. september til 15. oktober får du rabattar på utvalde kort. Sesongstart er 5. desember, og frå 12. desember er skianlegget ope kvar dag.

Sjå kva som ventar deg i vinter!

Ny opningstid for gondolen
I vinter vil me opna gondolen klokka 09:00, slik at du er klar for nypreppa løyper klokka 09:30. Sjå alle opningstider for gondolen.

Utvida sesongkortfordelar
Som i fjor gjev års- og sesongkortet tilgang til skikøyring i Andorra, men i år inkluderer me òg Laax i Sveits.

Styrka satsing på matopplevingar
George Michalopoulos og Halyna Sokolova frå Taste of Greece tek over drifta av Storastovo, Gamle Hangur og Hangurstoppen Restaurant. Storastovo held fram som grillrestaurant, Gamle Hangur med gresk konsept, medan Hangurstoppen Restaurant skal tilby matopplevingar for både vossingane, skigjester, cruise- og turselskap året rundt.

Tettpakka arrangementkalender
Kalenderen for vintersesongen er tettpakka med aktivitetar for unge og vaksne. Sjå alle arrangementa

Hanguren Hangout
Kvar fredag i vintersesongen inviterar me til ei uformell og sosial start på helga på Hangurstoppen. Her kan du nyta både musikk og lokale smakar. Gjennom sesongen arrangerar me aktivitetar som musikkbingo, quiz og andre småsnaks. 

Afterski
Kvar laurdag frå 13. desember har me afterski på Hangurstoppen Restaurant. Og frå 17. januar køyre me i gang med SkiBarBula i Bavallstunet. 

No kan du sikra deg sesong- eller årskort til kampanjepris!

Skikort

Gondolen er inkludert i alle skikort.

Årskort

  • Vaksen: 7900,- (ordinært 8950,-)
  • Barn 7-19/Senior 65+: 5550,- (ordinært 6150,-)

Årskort familie

Familiebilletten gjeld for opp til to vaksne og fem barn.

  • Vaksen: 7050,- per vaksen (ordinært 7850,-)
  • Barn: 3100,- per barn (ordinært 3550,-)

Sesongkort

  • Vaksen: 6800,- (ordinært 7800,-)
  • Barn 7-19/Senior 65+: 4850,- (ordinært 5450,-)

Sesongkort familie

Familiebilletten gjeld for opp til to vaksne og fem barn.

  • Vaksen: 6280,- per vaksen (ordinært 6950,-)
  • Barn: 2950,- per barn (ordinært 3250,-)

Sesongkort midtveke

  • Vaksen: 3990,- (ordinært 4550,-)
  • Barn 7-19/Senior 65+: 2990,- (ordinært 3290,-)

Kjøp sesong- eller årskort

Gondol

Årskort gondol

  • Vaksen: 2500,- (ordinært 2950,-)
  • Barn 7-19/Senior 65+: 2040,- (ordinært 2290,-)

Årskort gondol familie

Familiebilletten gjeld for opp til to vaksne og fem barn.

  • Vaksen: 2050,- per vaksen (ordinært 2400,-)
  • Barn: 1050,- per barn (ordinært 1190,-)

Kjøp gondolkort

Opprett ny brukar for full oversikt

Me har tatt i bruk eit nytt bookingsystem. Difor må alle gjester oppretta ein ny profil. Profilen vert automatisk oppretta når du gjennomfører ditt første kjøp. Dersom du allereie har oppretta brukar i det nye systemet, treng du berre å logge inn med e-postadressa og passordet ditt.

Når du er innlogga kan du:

  • Sjå alle aktive og tidlegare bestillingar
  • Laste ned billettar og ordrebekreftingar
  • Endra personopplysningar og kontaktinformasjon

Slik finn du keycardnummeret

Familiebillett – ny prismodell

Me har endra prismodellen på års- og sesongkort for familier for å gjere det meir rettferdig og fleksibelt. Tidlegare hadde me éin fast pris, uavhengig av kor mange som skulle bruke kortet. No betaler ein berre for det talet på personar ein faktisk er i familien.

Det betyr at: 

  • fleire familiekombinasjonar, som til dømes 1+1, 1+2, 2+1 og 2+2, kjem betre ut no enn i tidlegare prismodell.
  • ein no faktisk får effekt av 4. klassekortet, som ikkje kom familien til gode i den gamle modellen.

For familiar med to vaksne og fleire enn to born har prisen blitt høgare og me har stor forståing for at det kan opplevast som skuffande. Samstundes håpar me at den nye modellen opplevast som meir rettferdig totalt sett, og at fleire familiar får moglegheit til å tilpasse kortet etter sitt behov.

Innføring av parkeringsavgift i Bavallen

I likheit med mange andre skianlegg vil Voss Resort frå sesongen 25/26 innføre betalingsparkering i Bavallen. Målet er å skape betre orden på parkeringsområda, sikre betre framkome, og oppmode til samkøyring der det er mogleg.

Les meir

10 grunnar til å velja Voss Resort i vinter

  • Løyper: 40 km løyper som held deg i gang heile dagen.
  • Skiheisar: 10 heiser og trekk som gjev meir tid til ski og mindre til venting.
  • Gondol: inkludert i alle skikort og raskaste vegen til fjells.
  • Nedfartar: 24 variantar frå familievennlege løyper til storslalom og SuperG.
  • Off-piste terreng: fantastisk terreng for deg som vil utanfor allfarveg.
  • Langrenn: 18 km løyper for tur og trening.
  • Kveldskøyring: 11 km lysløyper, tre kveldar i veka.
  • Park: forma av ShapeCrew med internasjonal parkkunnskap.
  • Afterski: frå kakao til kalas kvar helg.
  • Arrangement: Quiz, Bavallen Grand Prix, Skirosa, musikkbingo, DJ og fest heile sesongen.

Les meir om Voss Resort – vestlandet sitt største skianlegg

Crap Sogn Gion i Laax.

Fem ekstra skidagar i Grandvalira og LAAX

Kjøper du sesongkort eller årskort (inkludert sesongkort midtveke og student), får du også tilgang til to av Europas mest spennande skidestinasjonar – Grandvalira i Andorra og LAAX i Sveits. Du får opptil fem skidagar i begge skianlegga inkludert i vintersesongen 2025/2026. Sesong- eller årskort til gondolen er ikkje med i ordninga.

Grandvalira, Andorra
Grandvalira er det største skianlegget i Pyreneane, med 7 skiområde og totalt 215 km med løyper. I tillegg til ski og snowboard tilbyr Grandvalira eit mangfald av snøaktivitetar, fritidstilbod, gastronomi og sportsarrangement. Du bestemmer sjølv kva dagar du vil bruke kortet.

LAAX, Sveits
LAAX er kjent som ein av dei mest innovative skidestinasjonane i Alpane, med moderne anlegg, lange løyper og eit variert tilbod for både skikøyrarar og snowboardarar. Skikortet gjeld i inntil fem dagar, måndag til fredag. For å få gratis skikort må du bu på eitt av desse hotella: Rocksresort, Signina Hotel, Riders Hotel, Galaaxy, Nagens Lodge eller Segnes Lodge.

Bestill skikort
Kontakt Voss Resort for å få ei skriftleg stadfesting. Denne må du vise fram ved skisenteret du skal besøkje.

Kontakt Voss Resort

Gratis årskort for alle 4. klassingar i Vestland

4. klassekortet er eit gratis årskort til alle fjerdeklassingar med bustadadresse i Vestland fylke. Kortet er ikkje inkludert to dager i Myrkdalen, sjølv om det vert tinga i kampanjeperioden. Barn under sju år får gratis skikort. 

Bestill 4. klassekort

Fordelar med års- eller sesongskikort

  • 5 dagers skikort i Grandvalira Ski Resort i Andorra og Laax i Sveits i løpet av vintersesongen
  • Med årskort har du tilgang til gondolbana i gondolens opningstider gjennom heile året.
  • Kveldskøyring (tirsdag, torsdag og fredag).
  • Du kan ta ein kort økt etter jobb, ei heil helg med familien, eller spontane turar når forholda er på sitt beste.

Vossakortet – sesongkort til både Voss Resort og Myrkdalen

Vossakortet gjeld for både Myrkdalen og Voss Resort i vintersesongen. Prisen er fast kr 8.900,- , same for alle. Kortet gjeld som eit vanleg sesongkort med alle dei same fordelane, men med tilgong til to skianlegg.

Les meir

Studenttilbod i Noregs beste skiterreng

Berre ein time frå Bergen ligg Voss Resort, Noregs beste skiterreng. Som student får du 40% rabatt på dagskort og heile 60% rabatt på vintersesongkort på voksen pris. Års- eller sesongkort til studentar er ikkje inkludert to dager i Myrkdalen, sjølv om det vert tinga i kampanjeperioden.

Les meir om vårt studentilbod

Kva kort skal eg velgje? 

Finn det kortet som passer best for deg og dine! Ynskjer du til dømes å nytte gondolen meir enn berre gjennom skisesongen, så lønner det seg å kjøpe årskort. Hugs at me har gratis årskort til alle 4. klassingar i Vestland, samt eigne prisar til studenter.

  • Bruk av gondolbana i gondolens opningstider gjennom heile året. Kortet er gyldig i 12 mnd frå kjøpsdato
  • Tilgang til skianlegget i heile skisesongen
  • Kveldskøyring tirsdag, torsdag og fredag i skisesongen
  • Tilgang til gondolbana og langrennsløypene i eitt år frå kjøpsdato
  • Frå gondolen har du tilgang til Hangurstoppen Restaurant, Hanguren Hangout og Afterski
  • Lynrask tilgang til fjellet og PG-starten
  • Enkel tilgang til ski- og langrennsløypene og PG-starten på sommarstid
  • Tilgang til spennande aktivitetar i Voss Resort og skianlegget heile året
  • Eksklusive goder: 
    • ​5 dagers skikort i Grandvalira Ski Resort i Andorra og Laax Mountains i Sveits i løpet av vintersesongen

Kjøp årskort

  • Ski-sesongkort og tilgang til gondolen på vinteren
  • Kveldskøyring tirsdag, torsdag og fredag i skisesongen
  • Frå gondolen har du tilgang til Hangurstoppen Restaurant, Hanguren Hangout og Afterski
  • Lynrask tilgang til fjellet og ski- og langrennsløypene
  • Tilgang til spennande aktivitetar i Voss Resort og skianlegget heile skisesongen
  • Eksklusiv gode: 
    • 5 dagers skikort i Grandvalira Ski Resort i Andorra og Laax Mountains i Sveits i løpet av vintersesongen

Kjøp sesongkort

  • Bruk av gondolbana i gondolens opningstider gjennom heile året. Kortet er gyldig i 12 mnd frå kjøpsdato. 
  • Tilgang til Hangurstoppen Restaurant, Hanguren Hangout og Afterski
  • Tilgang til langrennsløyper på vinteren og rask tilgang til fjellet og PG-starten sommarstid
  • Tilgang til spennande aktivitetar på Hangurstoppen gjennom heile året

Kjøp årskort gondol

  • Bruk av gondolbana i gondolens opningstider på vinteren
  • Tilgang til Hangurstoppen Restaurant, Hanguren Hangout og Afterski
  • Det beste tilbodet for langrennsentusiasten

Kjøp sesongkort gondol

Som student* får du 40% rabatt på dagskort og heile 60% rabatt på vintersesongkort på voksen pris, ved framsyning av gyldig studiebevis. Gjeld alle dagar, inkludert feriar. Sesongkort og årskort for studentar er ikkje ein del av kampanjesalget og inkluderer ikkje to dagar i Myrkdalen.

  • Kveldskort; kr 340,-
  • Sesongkort for studentar; kr 3120,-. 
  • Årskort for studentar; kr 4475,-

Studenter får også 20% rabatt på skileige hjå oss.

Kjøp studentkort

* Gjeld for fulltidsstudentar på høgskule-, fagskule eller universitet (ikkje folkehøgskule). Studentbevis, gyldig bevis for betalt semesteravgift må framvisast ved kjøp.

Vossakortet gjeld for både Myrkdalen og Voss Resort i vintersesongen. Kortet gjeld ikke gondolen i sommarsesongen. Kortet får du kjøpt frå 15. september. Det er begrensa antal kort, så her er det fyrstemann til mølla som gjeld!

Les meir