Tilflyttarane Mildrid og Kjersti

At aktivitet i naturen gjev godt - er ein av grunnane til at tilflyttarane Mildrid og Kjersti trivs så godt i Vossabygda. Felles for begge to er at skikøyring gjer energi og meistringsfølelse. Den eine likar å stå i laussnø og den andre i preppa løyper. Likevel elskar dei å stå på ski saman og drar rett som det er opp på fjellet for å utnytta gode forhold i Voss Resort.

Frå Sunnmøre til Voss

Å flytte berre på grunn av nærheit til det perfekte skiterrenget er kanskje ikkje noke alle gjer, men for Mildrid var det ein sjølvfølge. Både Oppdal og Lillehammer blei vurdert, men Voss utpekte seg som eit glimrande alternativ. Ho fekk jobb på dagen på Voss sjukehus, pakka og reiste, og ho har ikkje sett seg tilbake sidan.

- Eg budde på Sunnmøre og stod mykje på ski, men avstandane var så lange med ferger og køyring. Utolmodig som eg var tok eg å kikka på kartet for å finna ein stad med bra skibakkar og sjukhus, eg er intensivsjukepleiar og trong nærheit til begge delar, Mildrid.

- Det er moro å leike og det gjer meg masse energi. Eg er veldig glad i naturen, det gjer meg ro og avkopling, seier den alltid så blide Mildrid.

“Ivrigare enn ungane

Kjersti var godt vaksen då ho flytta til Voss. Når ho stod på toppen av Slettafjellet første gongen turte ho ikkje å køyre ned, men no er det berre enkelt. Etter uhorvelege mange timar med barna har Kjersti blitt ein racer på ski og nyttar godt årskortet når vêrgudane spelar på lag.

- Eg er no ivrigare enn mine eigne barn, men barnebarna, tiåringane, dei sklir jo fletta av meg no, ler Kjersti.

Ekte skileik sidan 1948 

«Hent skitrekket, eg garanterer for resten av pengane», sa ein anonym Vossing våren i 1947 - og sidan har me ikkje sett oss tilbake.