Konfirmasjonsfeiring i Voss Resort
Me har flotte lokale til konfirmasjonsfeiring i Voss Resort. Hjå oss kan du velja mellom Hangurstoppen Restaurant og Bavallstunet. Våre lokale passar til alle typer konfirmasjonar, store som små.

Konfirmasjonsfeiring på Hangurstoppen Restaurant
Hangurstoppen Restaurant ligg vakkert til 818 m.o.h. og ein nyttar Voss Gondol for å ta seg hit. Her serverer me lokal og kortreist mat.
Restauranten er Voss sin største, med sitteplassar til 400 personar. Me har moglegheit for å dele inn lokale på fleire måtar, slik at ein finn noko som passer for ditt selskap. Her har ein nydeleg panoramautsikt over fjella og uteområde som kan nyttast på fine dagar.
Rundt Hangurstoppen Restaurant finn ein utallige lokasjonar for å ta konfirmasjonsbilete. Kva med eit bilete av konfirmanten på Hangurshusko?

Konfirmasjon i Bavallstunet
Til Bavallstunet er det enkel ankomst med bil og utanfor er det flotte uteområde med terrase og utsikt over Vossabygda. Spisesalen i Bavallstunet har sitteplassar til omlag 65 personar.
I tillegg har me ein salong, med sitteplasser til omlag 25 personar. Me kan dekke både langbord og småbord – alt etter kva ein måtte ynskje. Me serverer gjerne mat dersom det er ynskje om det.