Personvernerklæring Voss Resort

Gjeldande frå: 07. september 2018 – Sist oppdatert: 10. desember 2025

Denne personvernerklæringa forklarer korleis Voss Resort AS samlar inn og behandlar personopplysningar på vossresort.no. Me legg stor vekt på å ta vare på personvernet ditt, og sørger for at all handsaming av personopplysningar skjer i tråd med norsk lov og GDPR.

Personopplysningar er informasjon som kan knytast til ein person, til dømes namn, telefonnummer, e-postadresse eller IP-adresse.

1. Behandlingsansvarleg

Voss Resort AS, representert ved dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for handsaminga av personopplysningar på vossresort.no.

Kontaktinformasjon:
Voss Resort AS
Evangervegen 5
5704 Vossevangen
Tlf.: (+47) 47 00 47 00
Org.nr.: 991 371 044

2. Formål med innsamling

Me samlar inn personopplysningar for å:

  • levere tenester du ber om (t.d. gjennom kontaktskjema)
  • sende ut nyheitsbrev og relevant marknadsføring dersom du aktivt melder deg på
  • førebyggje svindel, misbruk og uønskte hendingar
  • analysere bruk av nettsida for å kunne forbetre brukaropplevinga

Voss Resort bruker MarketHype som tenesteleverandør for utsending og administrasjon av nyheitsbrev.

3. Kva slags opplysningar me samlar inn

Dette kan inkludere:

  • namn
  • e-postadresse
  • telefonnummer
  • IP-adresse
  • bruksdata (t.d. nettlesartype, besøkte sider, tidspunkt)
  • informasjonskapslar (cookies)

Sjå eiga oversikt over cookies lenger nede.

4. Korleis vi brukar opplysningane

Opplysningane kan bli brukt til:

  • levering av bestilte tenester
  • utsending av nyheitsbrev (via MarketHype)
  • målretta marknadsføring (Google, Facebook m.m.)
  • statistikk og analyse for å forbetre nettsida
  • tryggleikstiltak og førebygging av misbruk
5. Lagringstid

5.1 Lagring ved marknadsføring og nyheitsbrev

For utsending av nyheitsbrev og relevant marknadsføring lagrar me kontaktinformasjonen din i inntil 24 månader etter siste kjøp eller siste relevante kontakt med Voss Resort. Dette er basert på vår berettiga interesse i å informere tidlegare gjester om nyttig og relevant informasjon, tilbod og oppdateringar.

Dersom du aktivt har gitt samtykke til å motta nyheitsbrev, vil opplysningane dine bli lagra så lenge samtykket er gyldig. Du kan når som helst trekkje tilbake samtykket via avmeldingslenkje i e-postane eller ved å kontakte oss.

Når perioden for vår berettiga interesse er over, eller dersom du trekkjer tilbake samtykket, vil kontaktopplysningane dine bli sletta eller anonymisert, med mindre dei må lagrast lengre av andre rettslege grunnar (til dømes bokføringsreglar).

5.2 Lagring knytt til webanalyse

Anonymiserte data i Google Analytics lagrast i 56 månader.

6. Kven som behandlar opplysningane

I tillegg til Voss Resort AS blir opplysningane handsama av godkjende databehandlarar. Desse behandlar data kun etter avtale med oss.

Våre sentrale databehandlarar:

  • Google – anonymiserte og aggregerte bruksdata, webanalyse og annonsering
  • Facebook (Meta) – anonymiserte og aggregerte data brukt til annonsering
  • Apility – drift av nettsider og underliggande system
  • MarketHype – utsending og administrasjon av nyheitsbrev
  • Visit Group – drift av nettbutikk (booking.vossresort.no)
7. Innebygd innhald

Innebygd innhald frå tredjepartsnettstader (t.d. video frå YouTube) kan samle inn data om deg på same måte som om du besøkte nettstedet direkte.

8. Informasjonskapslar (cookies)

Når du brukar nettsida, lagrer me informasjonskapslar i nettlesaren din. Desse brukast til:

  • statistikk
  • drift av bestillingssystem
  • tryggleik og funksjon
  • tilpassing av innhald og marknadsføring

IP-adressar anonymiserast før lagring i Google Analytics.

9. Webanalyse

Me brukar Google Analytics for anonym statistikk. Informasjon lagrast i 56 månader. Les meir om personvern og reservasjon mot sporing.

10. Atferdsbasert annonsering

Voss Resort brukar remarketing via Google Ads og Facebook. Dette gjer at du kan få annonsar basert på tidlegare besøk på vossresort.no. Du kan reservere deg via Google, Facebook eller europeiske annonseordningar.

11. Barn og personvern

Tenestene våre er ikkje retta mot barn under 18 år. Me samlar ikkje medvite inn informasjon frå barn. Ta kontakt dersom du trur me har mottatt slik informasjon.

12. Endringar i personvernerklæringa

Endringar blir publisert på denne sida. Ved større endringar kan me varsle via e-post eller synleg melding på nettsida.

13. Rettsleg grunnlag (GDPR)

Handsaminga av personopplysningar skjer med grunnlag i:

  • avtale (bestilling, kjøp)
  • samtykke (nyheitsbrev)
  • rettsleg plikt
  • berettiga interesse (analyse, tryggleik, marknadsføring)
14. Dine rettar

Du har rett til:

  • innsyn
  • retting
  • sletting
  • avgrensa behandling
  • dataportabilitet
  • å protestere mot behandling
  • å trekke tilbake samtykke (t.d. nyheitsbrev via MarketHype)

Klagar kan rettast til Datatilsynet: www.datatilsynet.no