Ofte stilte spørsmål
Som regel er dette ikkje nødvendig i sommarsesongen, men det kan vera større pågang gitte tidspunkt gjennom dagen i høgsesong. Vil du vera garantert bord/mat til eit gitt tidspunkt, kan det vera greitt å reservera på førehand. Me ber deg om å reservere bord i god tid i forveien. Me har diverre ikkje moglegheit til å ta imot bordreservasjonar same dag. I vintersesongen tek me ikkje i mot bordreservasjon i feriar, fredag, laurdag eller søndag.
For reservasjon til større gruppar og forspurnad om selskap, send oss ein epost: post@vossresort.no / +47 4700 4700.
Nei, du kan kjøpe billett når du kjem til Voss Gondol. Men, ynskjer du å spare tid i billettkø, anbefaler me at du kjøper billett online på førehand. I rushtider kan det og vera stor pågang i gjesteservice (billettluka), så du kan og enkelt kjøpe billett på våre billettautomater på både øvre og nedre stasjon.
Ja, billettar til gondol og dagskort til skiheisar er kun gyldig for den datoen du velger. Du kan ikkje endre denne i ettertid.
Om du har kjøpt gondolbillett på nett, kan du gå rett inn. har du kjøpt kort til skiheis og gondol, og lada opp eit Keycard som du allereie har, kan du gå rett i heisen/gondolen. Ved fyrste passering må du halde kortet 3-5 sekunder slik at billetten vert lasta over til Keycardet.
Dersom du ikkje har Keycard frå før, og har bestilt dette online, må du innom billettluka eller ein av våre automatar for å henta ut kortet ditt.
Nei. Alle våre skikort inkluderer gondolbillett på vinteren. Dette fordi gondolen for mange vil fungere som ein skiheis. Ein betaler ikkje noko ekstra for dette.
Ynskjer du kun ta gondol og ikkje stå på ski, kan du kjøpe kun gondolbillett.
Du treng ikkje Keycard for tur/retur billett gonodol, men skal du ha dagskort eller sesongkort til gondolen, eller nytta skiheisar i vintersesong, må du ha Keycard. Dette gjeld og born under seks år.
Om du har eit Keycard frå før: Du kan lade dette opp i vår nettbutikk. Keycardet lastas automatisk opp fyrste tur i heisen når du går gjennom vendekorset.
Om du ikkje har eit Keycard frå før: Kjøp dette online hos oss når du kjøper heiskort. Når du kjem til oss henter du Keycardet ditt hjå gjesteservice eller i ein av våre automatar. Neste gong du besøker oss kan du lade opp dette Keycardet før du kjem og gå rett i heisen.
Dersom nokon i fylgjet ditt har Keycard, medan andre ikkje har det frå før kan du framleis kjøpe dette i vår nettbutikk. Lad opp Keycardet til dei av dykk som har dette, og kjøp nytt til dei som ikkje har kort frå før.
Nummeret står på baksida av kortet og inneheld berre tal, ikkje bokstavar.
Legg inn ditt Keycard nummer slik: 01-16147133534668922474-8
Korta du kan nytta hjå oss er SKIDATA kort. TEAM AXESS, SKISTAR og evt. andre fungerer ikkje.
Kontakt gjesteservice, hugs kvittering for at me skal kunne hjelpe deg.
Dobbeltsjekk alltid at du har med deg rett Keycard før du reiser heimefrå.
Kort kjøpt på nett kan hentast ut på våre automatar heile døgnet, eller på gjesteservice i Bavallen (ope i skisesongen) og på nedre stasjon Voss Gondol (ope heile året).
Opningstider finn du her.
Keycard skal plasserast i lomme på venstre side. Legg alle dine andre Keycard/reisekort/kredittkort etc. på høgre side.
Får du problem med kort: ta kontakt med personalet.
Har du mista noko i anlegget vårt, send oss en mail på post@vossresort.no. Me sett pris på om du legg ved følgjande informasjon i eposten:
- Kva du har mista
- Modell/merke/farge
- Spesielle kjenneteikn (er den til dømes merka med namn?)
- Kor du mista gjenstanden (dersom du veit dette)
Merk at me ikkje har ubegrensa lagringsplass til hittegods. Uavhenta gjensandar vert kasta eller gitt til F retex eller flyktningemottaket etter ein månad. Ved sesongslutt tømmer me hittegogs, slik at om du mista noko forrige sesong, er det ikkje hjå oss sesongen etter.
Ja! Me har 40% studentrabatt på dagskort, og eigne studentprisar på sesongkort og gondol. Alle prisar finn du i prislista vår. . Rabatten gjeld alle dagar, inkludert feriar. Hugs gyldig studentbevis.
Du kan bestemme sjølv kor mange turar du vil ta med gondolen, anten det er ein veg eller mange turar i løpet av ein dag, månad eller år. Me har ulike billettypar for å tilretteleggja for ulikt bruk av gondolen.
For seniorprisar: sjå våre prislistar.
Med honnørkort får du honnørpris på alle enkeltbillettar: tur/retur, og enkelttur gondol, dagskort, klippekort, timeskort, formiddagskort, enkelttur og kveldskort i skianlegget. Det gis ikkje rabatt på sesongkort, heilårskort og ambassadørkort.
Innehaver av ledsagarbevis betaler ordinær billett/kort, medan ledsagar går gratis. Desse billettene/korta må kjøpast i ein av våre billettluker.
Born frå 0-6 år får gratis heiskort ved bruk av hjelm!
Heiskorta fås ved henvending i billettluka, og kan ikkje kjøpast i nettbutikken.Born som fyller 7 år i løpet av sesongen får ikkje utstedt sesongkort, men kan henta ut gratis dagskort til og med dagen.
Barn under 7 år køyrer gratis med Voss Gondol i følge med ein betalande. Ein løyser ikkje eigen billett til desse for tur/retur og einveg, då dei går gjennom vendekors ilag med foreldre/føresette. Ved dagskort må barn under 7 år ha keycard.
Ja! Det kan ein så absolutt. Ein betaler ikkje noko ekstra for å ta med seg hund.
Me har både rulletrapp og heis som frakter deg mellom etasjene på nedre stasjon, før du skal gå inn i gondolkabina. Gje beskjed til gondolverten om du helst ynskjer å ta heis med hunden din.
Me minner om båndtvang, samt at ein ikkje kan ta med seg hund inn i restauranten på toppen (men her er gode uteplasser med bord og benker).
Ja – definitivt! Heis (på både øvre og nedre stasjon) frakter deg enkelt mellom etasjene i bygga. Når du skal inn i sjølve gondolkabina tilpasser me farten på på- og avstigning etter behov. I fire av kabinene våre (alle dei gule) har me og fjerna dei midtre setene, slik at det her er ekstra god gulvplass.
Me anbefaler og ein tur i vakre Hanguren Panorama, samt ein tur innom restauranten vår.
Nei, diverre. For familiebillettar tur/retur og einveg inkluderes 2 vaksne og alle barn under 18 år.
For familiebillettar for sesong- og heilårskort inkluderes 2 vaksne og alle barn under 20 år på same adresse.
Ja – ved samla bestilling for meir enn 15 personar. Bestilling må skje i kontortid mandag – fredag og minimum 24 timar før ankomst. Ta kontakt med oss på post@vossgondol.no for gruppebestilling.
Ja – me eigne prisar for barnehagar og skular. Tilbodet gjeld i barnehage- og skuletid og kun ved førehandstinging per epost, seinast dagen før ankomst.