Velkomen til Hangurstoppen – panoramautsikt, skianlegg og lokalmat på sitt beste.

Me har Nord-Europas største og mest moderne gondolbane. Den har ni kabiner med plass til 35 passasjerar i kvar kabin. Gondolbanen går kontinuerleg, slik at ventetida er minimal. 

Ta Bergensbanen til Voss Stasjon, og kom til Hangurstoppen Restaurant på under ni minutt.

Gondol på veg opp til Hangurstoppen med en vinterdag med sol i bakgrunnen.

Ny opningstid i vinter

Denne vinteren opnar gondolen klokka 09:00. Då rekk du å ta deg ein kaffi på Hangurstoppen og glo litt på utsikta før du tek på deg skia. Klokka 09:30 er løypene ferdig nypreppa og klare for deg som vil setja utfor. Enkelt og greitt.

Gondolen i Voss Resort på vinterstid.

Ein gondol – eit mangfald av moglegheiter for aktivitetar

Ein tur med gondolen er mykje meir enn kun ein gondoltur. Det er opplevingar litt utanom det vanlege, enten du ønskjer å bytte utsikt nokre timar eller planlegg ein heil dag fullpakka med aktivitetar.

Lokal matoppleving 818 meter over havet

Hangurstoppen Restaurant, i hjartet av Voss Resort, har store vindaugsflater og eit flott uteområde som gjer at naturen blir ein del av måltidet og verkeleg gir deg følelsen av at du er på høgfjellet.

Menyen vår er smakfull og full av favorittar: ferske salatar, steinbakt bruschetta, kremete pasta, kraftige gryter, saftige burgarar, fisk- og kjøtrettar, og steinomnsbakte pizza. 

Les meir om Hangurstoppen Restaurant

Grønn reiseveg

Det er enkelt å koma seg til Voss med bil, buss og tog, både frå Bergen og Oslo. Den nedre stasjonen til gondolbanen er i trafikk-knutepunktet med buss, tog og taxi på Voss Jernbanestasjon, noko som gjer det svært lett for tilreisande å koma seg vidare til fjells på miljøvennleg vis. Frå Bergen Stasjon vil det ta deg omlag 1,5 time frå du går om bord på toget i Bergen, til du er på Hangurstoppen.

Kjøp billett

Dei aller fleste billettane våre kan du kjøpe på nett. Fordelen med dette er at det kan spara tid i billettkø. Om du har kjøpt “tur/retur” eller “ein veg” på nett, går du rett til gondolinngangen.

Kjøp billett

På dagskorta våre kan du velga å bruka eit eksisterande keycard, og lada opp dette direkte på nett. Då kan du gå forbi billettkøen, og rett til vendekorset til gondolen. Kjøper du nytt dagskort med nytt keycard, må du henta det ut på ein av våre billettautomatar. Sesong- og årskort kan du også kjøpa på nett.

Prisar

Me har ulike typer kort, slik at du finn det som passer best for deg. Sjå alle prisar her.

Billettautomat og gjesteservice

Me har billettautomatar på nedre stasjon og på øvre stasjon, kor du kan kjøpa tur/retur, ein veg og dagskort. Familiebillett kan kjøpas på billettautomat på nedre stasjon. Treng du sykkelbillett kan du kjøpa den hjå gjesteservice.