Velkommen opp til Hangurstoppen – grenselaust med opplevingar
På toppen, 818 moh., ventar panoramautsikt over Vossafjell, velsmakande mat og drikke på Hangurstoppen Restaurant, uendeleg med vandremoglegheitar, perfekte instaspots (sjekk Hangurshusko), paraglider take-off og fjellvatn til å kjøle seg ned i!

Velkomen til 17. mai fest på toppen av Voss
Ta turen til Hangurstoppen! Her oppe får du frisk fjelluft, tradisjonell 17. mai-buffet, pizza, is og kald drikke – akkurat det du treng når bunaden vert litt heit i sola.

Grenselaus sommar på Voss
Voss er ei aktivitetsbygd utan sidestykke – her kan du sveva, sykla, bada, klatra, gå, gli og le – alt på éin og same dag. Enten du vil pusha grensene eller berre skapa gode minner med dei du er glad i, finn du noko som passar her.

Bu tett på opplevinga
Frå morgonsol på fjellet til kveldsljos – her bur du midt i eventyret. Enten du vil ha ei lun hytte, moderne leilegheit eller utsikt over heile bygda, finn du overnatting som passar deg på Voss. Kort veg til aktivitetar, natur og ro – alt på ein stad.

Voss – nærmare enn du trur
Midt i Vestlandets leikegrind, berre 1,5 time frå Bergen. Gondolen tek deg frå tog til topp på få minutt – og hyttene ligg berre ein kort biltur unna. Tog til Voss, gondol til topps, og hyttene rett rundt svingen. Lett å koma til, vanskeleg å dra ifrå. Klar for fjellet?

Møte, konferanse og selskap i Voss Resort
I Voss Resort kan me legge til rette for ulike typer arrangement med utsikt. Me tilbyr ei unik ramme for å halde møter, kurs, konferansar og selskapsarrangement. Me har sentrumsnære hotell, i tillegg til hytter og leiligheiter med flott utsikt.